Kyrkjekaffi

"Kyrkjekaffi er ei av dei viktigaste delane i gudstenesta" seier sokneprest Maria Tveten litt flåsete, samtidig som det seier noko om kor viktig den sosiale samlinga etter gudstenesta er.

Kyrkjekaffi

Det er på kyrkjekaffien at mykje av det kyrkjelydsbyggjande arbeide skjer. Det er derfor kyrkjekaffi og er ei særs viktig del av det som skjer i kyrkjelyden. Der kan vi møte nye menneske, vi kan dele liv over ein kopp kaffi og vi kan vise omsorg, dele gleder og vere tilstade for ein annan.

Vi treng fleire folk og fleire team som kan vere med  ha ansvar for kyrkjekaffi frå tid til annan. Å ha ansvaret betyr å stelle i stand i forkant. Gjerne ha med noko bakverk, koke kaffi og blande saft. Etter kyrkjekaffien, er det og dette teamet som har ansvar for å vaske og rydde. Tenk at kvar einaste kaffikopp er drukken av eit heilt unikt og verdifullt menneske som kom til kyrkja vår!

Vil du vere med å stelle i stand, så ta kontakt med sokneprest Maria Tveten (45063016)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"